Skjebnetid for Finnmark

Nils Aarsæther, professor og instituttleder ved UiT - Norges arktiske universitet. Foto: Torill Olsen
Facebooktwittergoogle_pluslinkedintumblrmail

Bit for bit blir det lagd opp til ei nedbygging av regionale institusjonar og regional makt i Finnmark. Det dreier seg om fiskeripolitikk, regionpolitikkk  – og no også universitetspolitikk: Forslaget om å fjerne fakultetsstyret i Alta betyr at all akademisk virksomhet i Finnmark skal styrast frå Tromsø. 

Finnmark er geografisk sett den mest utsatte og krevande regionen i Norge. Ei lita befolkning, kjerneområdet for samisk kultur, landets rikaste fiskeressursar, grensa mot Russland og eit ovstort areal gir Finnmark utfordringar av ein heilt spesiell type.

På denne bakgrunnen kan ein ut frå klassisk «kolonial» tenkemåte, resonere seg fram til at oppgåvene er for store til at finnmarkingane skal kunne styre sjøl, og sjøl ha hand om regionen si utvikling og framtid. Kolonitenkinga – at folk langt der borte må ha nokon i sentrum til å styre seg – gjer seg i dag gjeldande på tre viktige område:

Fiskeria: Frå å vere tre fiskeriregionar blei Nord-Norge frå 2016 av til ein felles fiskeriregion. Flott at grenser blir fjerna i Nord-Norge? Resultat: I løpet av eit år er 45 båtkvoter flytta ut av Finnmark og fordelt på rederi i Nordland og Troms. Utarminga av fiskeria i Finnmark er i gang. Under parolen om eit samla Nord-Norge det er fritt fram å kjøpe båt med kvote ut av Finnmark.

Regionalt sjølstyre: Mot Finnmark fylkesting sitt vedtak, og utan oppslutting i befolkninga (meiningsmålingar er heilt klåre!) har Venstre og regjeringa med knappast mogleg fleirtal pressa gjennom eit Stortingsvedtak om å legge ned Finnmark som fylke. Heldigvis vil denne nedlegginga bli midlertidig, for med ei ny rødgrønn regjering vil Finnmark få fylkesstastusen tilbake.

Universitetet: Ved samanslåinga av UiT og Høgskolen i Finnmark var avtalen at eit av fakulteta skulle ligge i Finnmark/Alta, i dag med ansvar for idrettsfag, reiseliv- og sosialfag. No ligg det føre eit framlegg om å legge ned dette fakultetet, grunngitt med praktiske omsyn (er det overraskande at det er blitt for mange fakultet etter samanslåingane?).

Dersom universitetsstyret velger å fjerne akademisk styring utført frå Finnmark, «av praktiske omsyn», viser dei med all tydelegheit at dei ikkje forstår den samanhengen UiT  Norges Arktiske Universitet opererer i.

Det gjeld den organisasjonsmessige forskjellen på å arbeide «underlagd», og å arbeide med eit styringsansvar, ein forskjell som blir dramatisk når dei geografiske avstandane er så store.

Det gjeld også den regionalpolitiske samanhengen eg har lag vekt på å vise her, nemleg at UiT speler på lag med ein regjeringspolitikk som for Finnmark sitt vedkomande i store trekk er basert på ei «kolonial» forståing.

Det er ekstra ille at dette skjer som ei reversering av 50 år med institusjonsbygging i Finnmark, utført i eit samvirke (og i  kamp!) mellom finnmarkingane og storsamfunnet.

Den tilliten til folk i Finnmark blei er blitt vist gjennom utbygging av institusjonar innan næringsliv, forvaltning, samepolitikk og akademia kom ikkje av seg sjøl.

Det er ei skjebnetid for Finnmark no, når trua på Finnmark er i ferd med å bli erstatta av ei ovanfrå-og-ned-haldning, båre fram av sentralmakta og storbymiljøet sin arroganse.

————-

Gjesteskribent/debattant Nils Aarsæther er professor og instituttleder for institutt for planlegging og lokalsamfunnsforskning, det samfunnsvitenskapelige fakultet ved UiT Norges arktiske universitet

Facebooktwittergoogle_pluslinkedintumblrmail
About Gjesteskribent
Under denne profilen vil flere ulike gjesteskribenter berike Sett Nordfra med sitt innhold.

Leave a comment

Your email address will not be published.


*