Naturforvaltning som fornorskning

På bygdetunet i Juovdageaidnu kan turister få sitte rundt bålet i ei tradisjonell gamme. Her er gjester fra Tyskland, England og Polen. Foto: Svein Lund.
Facebooktwittergoogle_pluslinkedintumblrmail

Skrevet av Svein Lund, hovudredaktør Samisk skolehistorie

No har endelig sanningskommisjonen om fornorskinga av samar og kvenar starta arbeidet sitt. Men kva sanning skal denne kommisjonen finne? Er det bare den språklige fornorskinga i skolen i gamle dagar, eller er det noko mye meir?

I denne artikkelen vil eg vise at fornorskinga hadde langt fleire sider og at ei gransking av og eit oppgjør med fornorskinga ikkje blir komplett utan at ein ser på naturforvaltninga i fortid og notid.

Del 1 –  Fornorskingspolitikk og fornorskingsprosess

Når no kommisjonen skal granske fornorskingstida, betyr det at fornorskinga er over? Er alle no samde om at fornorskingspolitikken var skadelig og at skadane skal rettast opp så langt som råd? Dessverre er det ikkje så vel.

Med eitt unnatak seier i dag alle norske parti i prinsippet nei til fornorskingspolitikken, men det er ikkje noko parti som har tatt på alvor kva som må gjørast for å stanse fornorskingsprosessen.

Fornorskinga har sterke tilhengarar. Fornorskinga har røter godt over 300 år bakover i tida og var ein offisiell statlig politikk i alle fall i tida 1851–1963. Denne politikken hadde aldri full oppslutning, verken hos samar, kvenar eller nordmenn, men i store delar av denne tida var det eit hegemonisk syn, eit fleirtal i folket og trulig også eit fleirtal blant samar og kvenar som støtta denne politikken aktivt eller godtok han, da dei ikkje såg noko alternativ.

Da den offisielle politikken byrja å snu i etterkrigstida, hang dei gamle haldningane enno igjen i store delar av folket, og dette har kome til uttrykk som protestar mot samisk i skolen, mot samisk språkområde, mot samisk læreplan, mot opprettinga av Sametinget og mot Finnmarkslova.

Det finst inga direkte målingar av oppslutninga om fornorskingspolitikken, men mye tyder på at denne gikk nedover frå 1960-talet og fram til slutten av 1990-talet, for så å auke igjen fram til i dag. Det organisatoriske uttrykket for ønsket om tilbakevending til og fullføring av fornorskinga er i dag organisasjonane med dei sterkt misvisande namna Fremskrittspartiet og Etnisk og Demokratisk Likeverd (EDL).

Ein av forgrunnsfigurane i EDL sa det slik så seint som i 2018:

«Fornorskning, i den betydningen at samer og kvener/finskættede har lært seg å forstå, snakke, lese og skrive norsk på en god måte, er det beste som har skjedd den samiske og den kvenske befolkning i Norge.»   

Dette er synet tilhører ein organisasjon som er ekstremt aktiv i Finnmark, som daglig produserer antisamiske innlegg i alle tilgjengelige media og som har tilhengarar innafor dei aller fleste eller alle norske parti.

Politikk, praksis og prosess

Dei nemnde uttalte fornorskingstilhengarane er nok i mindretal både i offentlig politikk og i befolkninga. Men det betyr ikkje at fornorskinga er borte så lenge dei blir røysta ned.

For det første skaper dei ei stemning der det blir stilt spørsmål ved alt samisk, ned til om samane i det heile eksisterer, og dette påverkar heile det politiske klimaet slik at det blir vanskeligare å fremme samiske spørsmål i mange fora.

For det andre vil ei politisk programerklæring eller eit lovvedtak ikkje nødvendigvis føre til at praksis blir endra. Årsaka kan vere at vedtak ikkje er følgt opp med nødvendige løyvingar, mangel på kunnskap og forståing i forvaltninga, eller at nokon rett og slett saboterer f.eks. retten til samiskundervisning i skolen.

Ei anna årsak er at gamle haldningar kan henge igjen lenge etter at dei som innførte dei har trukke dei tilbake. Eit eksempel er misjonærane si fordømmande haldning overfor joik. Etter at staten anerkjente joiken og han er tatt inn i skolens læreplan, heng misjonærane sitt syn framleis igjen i mange samiske kristne miljø.

Til saman gjør dette at sjølv om politikken er endra, kan fornorskingspraksisen og fornorskingsprosessen halde fram.

Språk og skole – Eller mye meir?

Det finst ikkje ein allment godtatt definisjon av fornorsking. Tilhengarane av fornorskinga har ofte forsøkt å avgrense det til at samar og kvenar lærer norsk, slik dagens fornorskingstilhengarar framleis gjør.

Andre ser det vidare, som denne definisjonen i Wikipedia:

«Fornorsking av samer er resultatet av det kulturpresset og den aktive norske assimileringspolitikken som det samiske folk, med sin kultur og levesett, opplevde fra den norske staten og majoritetssamfunnet i Norge fra tidlig på 1700-tallet og fram til moderne tid, gjennom kirke, skole og andre virkemidler.» 

Fornorskinga gjennom kyrkje og skole er allment kjent, mindre har vore sagt om det som her blir kalla «andre virkemidler». Fornorskinga har, bevisst eller ubevisst, prega dei fleste sider ved statlig forvaltning og offentlige og private sosiale tenester.

Mens den samiske og kvenske befolkninga i fjordane gjerne livnæra seg som fiskarbønder eller med andre kombinasjonsnæringar, forkynte agronomar og fiskerirettleiarar at spesialisering var det einaste saliggjørande, og favoriserte dei som satsa stort og einsidig.

Helsestellet var òg ofte prega av ei ovafrå og ned-haldning, der samiske behandlingsmetodar blei avviste som overtru og det som verre var.

Om representantane for den norske staten såg ned på det samiske eller bare mangla kjennskap om samisk kultur og levemåte kunne vel variere. Ofte hadde dei kanskje ikkje noko medvete ønske om å drive fornorsking, dei bare forvalta slik det blei gjort overalt i Noreg, utan å sjå at terrenget ikkje stemte med kartet.

Ein viktig del av den norske forvaltninga var og er forvaltninga av jorda og naturen. Forvaltninga har hatt til oppgåve å legge til rette først for jordbruksinnvandring, seinare for utbygging av kraftverk, mineralutvinning, og fiskeoppdrett og for reine fritidsinteresser som turløyper, hyttebygging, rypejakt og sportsfiske.

Det har variert om fornorsking har vore eit uttalt mål, men verknaden har uansett vore at samisk naturbruk og samisk kultur har blitt den tapande part.

Påverknaden på kulturen er ikkje alltid like lett å sjå som den språklige fornorskinga. Om samisk kultur i dag står synlig fram på kulturfestivalar og konsertar, gjennom duodji (husflid) og samekofter, kan det vere at andre sider ved kulturen framleis er truga og utsette for fornorsking. Det gjeld ikkje minst innafor bruken av naturen.

Kombinasjon av tradisjon og modernitet: Reinkappkjøring på ski. Foto: Svein Lund.

Del 2 – Samisk naturbruk mellom to stolar Norsk naturforvaltning bygger på at det finst bare to kategoriar av naturbruk: næringsdrift og friluftsliv.

Den samiske meahcásteapmi fell ikkje inn under nokon av desse, og det bidrar til at denne tapar både mot naturinngrep og mot friluftsinteresser.

Fornorskinga av næringane

Konfliktane mellom samane og storsamfunnet er lettast å sjå når det gjeld fysiske inngrep i reinbeiteland. Inngrepa er konkrete og reinen blir hindra i beite eller flytting. Sjølv eit norsk bymenneske kan forstå det, det er bare gruve- og kraftindustrien og dei betalte konsulentane deira som hardnakka hevdar at ingen inngrep er til skade.

I tillegg er reineigarane gjerne samisktalande og har samekofte, om ikkje til daglig på fjellet, så i alle fall på bilde og i møte med styresmaktene. Dei er anerkjente som ekte samar av alle med unntak av EDL, som forsøker å gjøre dei til samifiserte kvenar.

Like lett er det ikkje å sjå motsetningane i sjøsamiske område, når næringsgrunnlaget for fjordfisket forsvinn gjennom rovfiske og oppdrett. Dei fleste fiskarane er kasta på land på grunn av rovfiske og statlige reguleringar, og dei fleste må ein eller fleire generasjonar tilbake for å finne dei siste som snakka samisk.

Sjøsamar blir ofte sett på som norske, og har hatt vanskelig for å få anerkjenning som samar både hos innlandssamar, hos nordmenn og ofte også hos seg sjølve. Likevel finst her ein kulturrest igjen å fornorske, og det finst hos mange eit ønske om å ta det tapte samiske tilbake.

Fornorskingsprosessen kjem i desse tilfella til uttrykk ved at folk blir pressa ut av dei næringane som har gitt dei levebrød og som har vore grunnlaget for busetting, kultur og tildels språk. Dei som har måtte gi opp reindrift eller fiske kjenner òg eit brot med ein tradisjon som dei ofte har hatt gjennom mange generasjonar.

Det er ikkje bare levebrødet, men også kunnskapar og tradisjonar som går tapt. Staten kan tilby vaksenopplæringskurs for omskolering, men tar ein ansvar for det tapte?

Fornorsking av næringane kan også skje gjennom at styresmaktene går inn og regulerer driftsformen og organiseringa, slik at den gamle måten å drive på ikkje lenger er mogleg.

Eit eksempel her er at reindriftslovgivinga innførte distrikt, driftsenhet og fellesbeite, samtidig som den gamle samiske siida-organiseringa ikkje fikk nokon plass i lovverket. Flokkstruktureringa som blei innført ovafrå streide totalt mot samisk tradisjon for beste måten å sette saman ein god reinflokk på.

Lovgivinga sette også forbod mot den gamle ordninga med sytingsrein, noko som oppløyste fellesskapet mellom reindriftssamar og fastbuande.

Kvann er en av de mest brukte plantene i samisk tradisjon, både til mat og medisin. Foto: Svein Lund.

Når det ikkje er «næring»

Det skulle vere ganske lett å forstå at det er fornorsking når folk blir pressa ut av dei tradisjonelle samiske næringane. Men kva med dei naturaktivitetane som ikkje har status som næring?

Definisjonen til Wikipedia snakkar om press mot «kultur og levesett». Dette var, og er i stor grad enno, uløyselig knytta til naturen. Det kjem fram i tittelen på Samerettsutvalgets innstilling av 1997: Naturgrunnlaget for samisk kultur.

Debatten etter framlegginga av innstillinga kom dessverre til å dreie seg om alt anna enn nettopp dette: Kva betyr det at naturen er grunnlaget for samisk kultur? Det betyr at samane levde i naturen og av naturen, anten dei dreiv som fiskarbønder i fjordane, med reindrift på vidda eller utmarkshausting i innlandet.

Naturen ga mat, klede og materiale til bustadar. Han ga materiale til reiskap og forskjellige nyttegjenstandar, og naturen avgjorde ofte formen på bustadar og gjenstandar. Innafor den ramma som naturen sette blei det utvikla måtar å gjøre ting på som vi no kaller samisk kultur.

Kulturen varierer i stor grad med naturen, ein gamme på Finnmarkskysten er forskjellig frå ein gamme i sørsamisk granskog. Likevel er det fellestrekk som gjør at vi kan snakke om ein samisk kultur. Samisk naturbruk tok etter kvart opp i seg metodar og reidskapar som er utvikla i andre kulturar og av andre folkeslag. Frå jern og messing til kinesiske silkesjal og kanadiske snøskutarar har blitt tatt opp i samisk kultur.

Likevel står det igjen: Naturen er grunnlaget for samisk kultur. Og angrep på naturgrunnlaget er da også angrep på samisk kultur.

MeahcciI 2016 kom ein rapport frå Sametinget si arbeidsgruppe for utmark. Denne har tittelen «Meahcci – et grunnlag for identitet, kultur og birgejupmi.» Rapporten er altså skrive på norsk, men for å få fram innhaldet, måtte ein i tittelen ty til to samiske ord, meahcci og birgejupmi.

Desse orda uttrykker noko som ikkje kjem like godt fram i eit forsøk på å finne nærliggande norske ord som «utmark» og «berging».  Ikkje bare norsk språk, men også norsk lovverk og naturforvaltning har her problem med å finne plass til den aktiviteten som på samisk kallast for meahcásteapmi, og som på norsk nokon gongar er omsett med utmarksbruk.

Det omfattar all utnytting av utmarka til jakt, fiske, bærplukking, vedhogst, hausting av sennegras, planter til mat, drikke og medisin samt materialer til duodji (husflid). Ei undersøking som Samisk høgskole gjorde i Guovdageaidnu for nokre år sidan synte at eit stort fleirtal av befolkninga der utnytta utmarka til eit eller fleire haustingsformål, sjølv om dei færraste hadde ei pengeinntekt som kvalifiserte til anerkjenning som næring etter statlige krav.

Samisk språk skil mellom luondu, som betyr natur generelt og i meir overført tyding og meahcci, som er naturen som bruksområde. Dit går ein for å gjøre noko nyttig og gjerne ha med seg noko heim igjen. Da vi diskuterte oppretting av natursenter i Guovdageaidnu, var det eit heilt bevisst val da vi vraka namnet Luondduguovddáš og valde Meahcceguovddáš.

Bare næring og friluftsliv

Norsk naturforvaltning, og stort sett også tankegangen til miljøorganisasjonane, opererer bare med to nivå for naturbruk: næringsverksemd og friluftsliv.

Næringsverksemd betyr i følge motorferdselslova at ein må ha over 50000 kr. i skattbar registrert inntekt for å kunne søke om dispensasjon f.eks. for å kjøre ATV med båt og garn til eit fiskevatn.

Friluftsliv betyr å gå i naturen for å glede deg over denne, for å komme i betre form og evt. for å ta bilde. Om ein fiskar eller jaktar, er det for opplevinga og spenninga sin del, ikkje i første rekke for å fylle gryta og fryseboksen. Friluftslivet skal vere til fots eller på ski, og du har med det det same eller mindre når du går heim enn da du gikk ut.

For meahcásteapmi er gjerne målet å finne eller fange noko ein kan ha med heim og dra nytte av. Kategorien meahcástepmi finst ikkje i norsk naturforvaltning, og fell dermed mellom to stolar. Utan anerkjenning som næring, ramlar han ned til friluftsliv, og lokalbefolkning blir reduserte til turistar i eigne område.

Men er dette fornorsking? Ja, i den forstand at norsk lovverk og norsk forvaltning ikkje anerkjenner sambandet mellom natur og samisk kultur, og dermed hindrar vidareføringa av denne kulturen.

Dette såg vi i samband med dei statlige planane rundt 2010 om etablering av verneområde på Finnmarksvidda. Så lenge planane ikkje tok omsyn til den lokale bruken, sa alle lokale organ nei og resultatet blei det full skjæring og null vern.

Det er eit anna samisk omgrep som er fråverande i norsk naturforvaltning. Det kallas på samisk for gullevašvuohta, på norsk tilhørigheit. Det betyr at folk har ei tilknytning til det området dei har brukt frå barndomen av og som slekta har brukt i mange generasjonar før dei.

Dette gjeld sjølv om sentralisering og anna utvikling har ført mange bort frå desse områda til daglig. Nylig har rettsvesenet slått fast at den som har flytta bort har tapt sin rett.

Galaniitu er ei av de mange smågrendene utover Finnmarksvidda som nå er fraflytta. Her levde folk av litt jordbruk, jakt og fiske, samt fjellstuedrift. Foto: Svein Lund.

Del 3 – Naturgrunnlaget for samisk kultur

Tilbake til tittelen på NOU 1997:18: Naturgrunnlaget for samisk kultur. Har dette vore retningslinja for naturforvaltninga i dei 21 åra som har gått? Eller er det faktisk slik at fornorskinga held fram gjennom at naturforvaltninga undergrev grunnlaget for kulturen?

Naturforvaltninga i fornorskingstida

Samar har som kjent brukt naturen i fire land og i minst 8 fylke i Noreg. Dei har gjennom tidene opplevd mange former for naturforvaltning, med forskjellige gradar av privat og statlig eigedom og sterkt varierande anerkjenning av eigne rettar i eige tradisjonelle bruksområde.

Eg vil her vesentlig bygge på forholda i Finnmark. No stridast både lærde og ulærde om etnisitet i Finnmarks eldre historie, men vi bør nokolunde trygt kunne seie at samar har vore dominerande innafor naturbruken særlig i innlandet og fjordane. Områda dei brukte til jakt, fiske og sanking rekna dei som sine, og utaforståande måtte spørje lokalbefolkninga om lov å hauste av ressursane.

Styresmaktene la seg lite opp i det, så lenge dei fikk inn sin skatt til Kongen i København. Frå slutten av 1600-talet byrja styresmaktene ei meir aktiv regulering av utmarksbruken, bl.a. gjennom vern av furuskog og gjennom å forsøke å få sjøsamar å busette seg fast i staden for å flytte rundt i fjordane.

Dei store inngrepa frå styresmaktene kom likevel først frå midten av 1800-talet, omtrent samtidig med at fornorskinga starta for fullt. I 1863 kom jordsalslova, som slog fast at all jord i Finnmark som ikkje var avhenda, hørte Staten til.

I 1902 kom ei ny jordsalslov, som sa at jord bare skulle selgast til norsktalande. Sjølv om denne lova ikkje alltid blei praktisert så strengt som ho var skrive, var ho eit klart symbol på at nordmenn var herrefolket og samar og kvenar bare var godkjente i den grad dei lot seg fornorske.

No var det i lova eit generelt forbod mot sal av utmark, men som eigar av utmarka hadde staten også rett til å regulere kven som skulle få hauste kva og når.

I 1860 blei Statens skogvesen oppretta, seinare endra i 1957 til Direktoratet for Statens skoger og i 1993 til Statskog SF. Med dette blei utmarkshausting og reindrift redusert til ein «tålt bruk», i staden for ein rett etter alders tids bruk.

Med grunnlag i påstanden om statlig eigedomsrett kunne staten så gjøre reguleringar og sette inn oppsyn som sørga for at reguleringane blei overhalde. Staten kunne og opprette verneområde der tradisjonell bruk kunne bli forbode, eller til naud tillatt på dei sentrale vernestyresmaktene si nåde.

Dei statlige reguleringane har ofte vore stikk i strid med den tradisjonelle bruken, både når det gjeld jakt- og fisketider, reidskapar og ikkje minst kven som har hatt retten til jakt og fiske. Da fornorskinga innafor språk- og skolepolitikken etter kvart blei oppgitt, skjedde det ikkje noko tilsvarande innafor naturforvaltninga. Snarare tvert om.

Med omdanninga til Statskog SF blei det slått fast at forvaltninga skulle drivast etter bedriftsøkonomiske prinsipp. Først med Finnmarkslova av 2005 blei det formelt ei endring, men reelt er situasjonen heller blitt dårligare sett frå lokal utmarksbruk.

Finnmarkseiendommen er, liksom Statskog i andre delar av landet, ein pådrivar for naturinngrep som gruver og vindkraft, og bygger sine påstandar om eigedomsrett til all utmark nettopp på staten sin sjølvtekt av 1863.

Naturmangfoldlova og samane

For ti år sidan fikk vi naturmangfoldlova. Dette er ein av dei lovane i Noreg som gir mest plass for samiske rettar og tradisjonar. Føremålsparagrafen seier så vakkert:

«Lovens formål er at naturen med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold og økologiske prosesser tas vare på ved bærekraftig bruk og vern, også slik at den gir grunnlag for menneskenes virksomhet, kultur, helse og trivsel, nå og i fremtiden, også som grunnlag for samisk kultur.»

Lova seier òg at samisk tradisjonskunnskap skal vurderast ved forvaltninga. Det var teorien. Når det kjem til konkret praksis er det ofte verre. I Naturmangfoldlova vann dei samiske interessene fram i dei allmenne formuleringane, men tapte når det kom til det konkrete.

Sametinget hadde foreslått å ta i bruk den internasjonalt anerkjente vernekategorien «Verna bruksområde» (IUCN kat. VI), men det ville ikkje styresmaktene. Miljødirektoratet sa det klart: «Bruk er ikkje noko mål for vern.» Direktoratet har også åtvara mot å ta inn omsyn til samisk kultur i retningslinjene for verneområde i samiske bruksområde.

Naturforvaltning skal vere heilskapelig, men kan grovt delast i to:

1. Arealforvaltning: Kven har retten til å bestemme over utnytting av ressurser, inngrep og salg av areal?

Mange tenker at dette er eit spørsmål om eigedomsrett, men så enkelt er det ikkje. I utmark er eigedomsretten eigentlig bare ein restrett, for andre kan ha bruksrett til f.eks. beite og mineralleiting, og staten kan alltid ekspropriere til dei formåla staten sjølv vel å prioritere.

Det store spørsmålet er her: Er dei rettane som samar og anna lokalbefolkning har til reindrift, fiske m.m. rettar som staten har gitt dei, eller er det rettar som dei har på grunnlag av alders tids bruk, og som ikkje staten kan ta frå dei?

Rett blir skapt på to vis: Gjennom langvarig bruk og gjennom lovvedtak. Og den andre kan ikkje oppheve den første . Det er likevel nettopp det som norske styresmakter har gjort og gjør gong på gong.

2. Artsforvaltning: Artsforvaltning tar sikte på å regulere bestanden av forskjellige artar av dyr og planter, og forsøke å oppretthalde det biologiske mangfaldet og balansen i naturen. Dette omfattar reglar for jakt, fiske, plukking og hogst.

Forvaltninga skal på eine sida sørge for at ikkje artar blir utrydda eller kraftig desimerte, men også at ikkje nokon artar får spreie seg slik at det går ut over vegetasjon eller beitedyr.

Eit eksempel som har blitt kjent langt utover landet er andejakta i Guovdageaidnu. Der er tradisjonelt og opp til vår tid bare jakta på våren, mens lovverket seier at andejakt er på hausten. Her ba kommunen om at haustjakta blei forbode i Guovdageaidnu. Det nekta staten å vere med på.

Det tyder på at det ikkje var omsynet til andebestanden som låg bak forvaltninga sin motstand mot vårjakta, men prinsippet om at norsk og ikkje samisk naturbruk skal ligge til grunn for naturforvaltninga i Sápmi.

 

Tidligere var fiske med not den vanligste fiskemetoden på Finnmarksvidda, men denne gruken har gått svært tilbake. I seinere år har det blitt gjort forsøk på å ta opp igjen tradisjonen. Her blir notfiske demonstrert på Sikfestivalen i Guovdageaidnu i 2012. Foto: Svein Lund.

Naturforvaltning for kven?

Naturforvaltninga gjeld ikkje bare kva som skal vere tillate og forbode, men også kven som skal ha lov å hauste og å bruke dei reiskapane og framkomstmidla som er nødvendig for hausting.

Mens jakt- og fiskerettar i resten av landet i stor grad har hørt til private eller bygdeallmenningar, så har staten si sjølvtekt som grunneigar i Finnmark gitt eit system der folk frå heile landet og utlandet med kunne komme hit å jakte og fiske.

Dei tusenvis av rypejegarar og stangfiskarar som kjem kvart år utgjør i lag med organisasjonen deira NJFF ei innflytelsesrik pressgruppe for at alle skal ha like rett til å jakte og fiske i Finnmark, og at reglane for kjøring i utmark skal vere dei same for alle.

Med andre ord at lokalbefolkninga ikkje skal ha meir rett til eigne område enn tilreisande turistar. Dei har støtte frå organisasjonen EDL, som framstiller all form for forskjellsbehandling av lokalbefolkning og tilreisande som diskriminerande.

Lokal tradisjonell bruk av utmarka har likevel hatt ei viss innverknad på lovverket. Dette var hovudargumentet for at Finnmark fikk unnatak i lov om motorferdsel i utmark, så kommunane fikk opprette barmarksløyper, både opne og dispensasjonsløyper.

Men resultatet er at dei opne løypene er opne for alle. I dag kan ein turist leige seg ein ATV på Thon Hotel Kautokeino og lovlig kjøre 5 mil innover vidda og der utan særlig fare i praksis gjøre så mye ulovlig han bare vil. Slik blir reglar som skal vere innført av omsyn til lokalt naturbruk til eit trugsmål mot dette formålet.

Strategi for fornorsking

Det som er skrive så langt viser at trass fine ord, manglar det enno mye på at lovverk og forvaltning sikrar at fornorskingsprosessen blir stoppa opp, og naturforvaltninga er i dag ei undergraving av Grunnlova §108: Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Kva er så årsakane til dette? Er det gamle fordommar og uvitenheit hos politikarar og forvaltarar?

Det er nok ofte tilfelle, men det er ikkje heile forklaringa. Samisk kultur må ha eit naturgrunnlag. Det føreset ein intakt natur, der reinen kan beite og trekke mellom dei områda han treng på forskjellige årstider, der ein kan fiske i rein fjord og reine vatn, der ein kan jakte, sanke og gå tur i sine tradisjonelle område utan støv og støy frå gruver eller suset av 200 meter høge vindturbinar over hovudet.

Store områder har allereie gått tapt, til gruvedrift, kraftutbygging, vegar og turistanlegg. Og det verste er at det er den norske regjeringa sin strategi at langt større område skal gå tapt for samisk og anna lokal naturbruk.

Det er strategien til den noverande regjeringa, den førre regjeringa og alt tyder på at det blir den neste regjeringa sin strategi om det skulle bli regjeringsskifte før eller etter neste stortingsvalet.

Ved Ádjet, 2 mil sør for Guovdageaidnu, har flere selskap etter tur prøvd å drive utvinning av naturstein, men gått konkurs eller gitt opp. Nå står maskinen igjen i terrenget og ruster. Foto: Svein Lund.

Ingen av regjeringane eller regjeringsalternativa har hatt ein strategi for oppretting av skadene etter fornorskinga og for utvikling av samiske og kvensk språk og kultur. Derimot har dei klare strategiar for:– Nordområda.

Denne går kort ut på å legge til rette for utvinning av olje, gass og mineral, for mangedobling av fiskeoppdrett, for utbygging av vind- og vasskraft.

– Mineralstrategi. Vedtatt i 2013 med sjødumping som viktigaste verkemiddel for å gjøre Noreg konkurransedyktig.

– Vindkraftutbygging. Grønne sertifikat skal gjøre naturinngrep lønsame.

NVE utarbeidar no ein strategi for område som skal byggast ut, det meste er i reinbeiteområde. Desse strategiane bygger på at den norske staten har rett til å ta og gi bort alt ein vil av samiske bruksområde og at samane ikkje har nokon rett til å stanse dei.

Den bygger på å sjå bort frå den samiske bruken og hevde at utmarka i nord er ubrukt. Strategiane betyr å legge Samerettsutvalet sine innstillingar, sameparagrafen i grunnlova og internasjonale konvensjonar daude og at norsk og internasjonal kapital skal ha fritt fram i det området som er naturgrunnlaget for samisk kultur.

Den einaste retten samane har er retten til å gjøre seg upopulære i den norske befolkninga med å protestere mot alle inngrep, og reindrifta kan evt. få ei pengeerstatning for tap av inntekt.

Fjordfiskarar og utmarksbrukarar i innlandet vil derimot ikkje ein gong få pengeerstatning, fordi det ikkje er anerkjent at dei har noko rettar til det området dei brukar. Og tap av språk og kultur kan ikkje erstattast, heller ikkje tap av natur.

Om Staten Noreg anerkjenner at samane har rett til å bevare bruksområda sine, og dermed til å sette foten ned mot slike inngrep som no er planlagt, så ryk alle dei nemnde strategiane.

Derfor ønsker ikkje staten at Sanningskommisjonen om fornorskinga tar opp den fornorskinga som har skjedd og framleis skjer gjennom naturinngrep og naturforvaltning. Det gjenstår å sjå om kommisjonen sjølv vågar å ta opp dette. Lukke til!

———————

Foto: Basia Głowacka.

Svein Lund, hovudredaktør Samisk skolehistorie (http://skuvla.info).
Forfattar Gull, gråstein og grums (http://gruve.info)
og medlem av Guovdageainnu meahcceguovddáš (http://meahcci.info)

Facebooktwittergoogle_pluslinkedintumblrmail
About Torill Olsen
Reporter, ansvarlig redaktør og gründer av Sett Nordfra. Kan kontaktes på torill.olsen@settnordfra.no

Leave a comment

Your email address will not be published.


*